mandag 18. desember 2017

Siste vogga i år.

Eg vil ynskje alle som tek turen innom denne staden, ei God og Fredfull Jul og eit Godt Nytt år! Håper det blir dagar i det nye året til å pusle i verkstaden og gjere ting som eg har lyst på.


torsdag 30. november 2017

Dokkevogge.

Så er det ein liten pause frå dreiinga fordi eg har lova ei dame på over 90 år at ho skal få kjøpe ei dokkevogge til eit av oldebarna sine.  Eg har laga ei tidligare til henne i tillegg til ei vogge som ho vant på ein basar, som eg hadde laga. Så med denne siste så har tre av oldebarna hennar fått kvar si Steinnesvogge.


onsdag 29. november 2017

2 flotte dager ved Gamlegymnaset i Volda, 25. og 26. nov. 2017

Nydeleg ver, særleg på søndag gjorde nok at fleire prioriterte fjellet i staden for ein tur på Gamlegymnaset i Volda. Likevel var det ein jamn straum med folk heile den tida det var opent. (12-16)

Der var omlag 30 utstillarar som hadde svært mykje flott og godt å by på. Dette gav verkeleg meirsmak. Under er noko av utvalet.






fredag 24. november 2017

Litt av arbeidet dei siste 2 mnd.


I morgon blir det salsmesse ved Gamlegymnaset i Volda. Skal bli spanande om nokon likar det eg har laga.


Solgt

fredag 17. november 2017

Dagens arbeidsstykker.


I dag har eg mellom anna dreia ei skål som eg trur kjem av ein sur Rogn. Grunnen til at eg ikkje veit det heilt sikkert er at dette er material som i utgangspunktet skulle brukast til ved og ikkje til å dreie av. Resultatet synest eg er bra.

 Sur Rogn?
 Plomme - Solgt
Pære

torsdag 16. november 2017

Forsatt Dreing.

Dagens arbeid, eit fat, ein bolle pluss to bollar  til som ikkje er heilt ferdige og ligg i verkstaden. Det er utrueleg kjekt og spanande å sette eit stykke i dreiebenken og så sjå kva som blir det ferdige resultatet. Dette er som med leira i pottemakarens hand, går det galt undervegs så er det berre å begynne på nytt. Bollen under har vore to gonger på golvet og i veggen, men tredje forsøk, stod den i benken og det gjekk bra.


Solgt

Bollen er av plometre, fullt med sprekker. Desse er det 
berre å fylle att med epoxy, blanda med pussestøv og så 
blir det vel så fint til slutt. Livet har også sprekker og sår
 som kan fyllast att med noko fint, sterkt og godt og så blir 
som regel  alt bra.

Fatet er av bjørk. Turr kvistfri bjørk er fin dreiematerial, men
likevel noko kjedeleg. Men, alt til sitt bruk.

lørdag 4. november 2017

Dreiing.

Har den seinare tida sysla litt med dreiing av boller. Fant tilfeldigvis noko material etter orkanen i 1992 som eg har teke vare på men som har vore stabla bort. Materialen er heilt på grensa av å kunne brukast på grunn av rote, men eg klarte å forme nokre fine skåler og bollar av den.

Desse blir saman med vaffelgafflar for øvrig utstilt for salg på Gamlegymnaset i Volda under haustmessa den 25. - 26. november.

 
Solgt
Det er uvisst kva tresort dette er.
 Fant den saman med noko
gamal tremateriale. Den var ei utordring å dreie.
Innsett med Chestnut Microcrystalline Wax



Ny bolle i benken, Tresort uvisst men truleg rogn
som har ligge i jorda og surna. Innsett med Black Bicon.
Ovanfor er den ferdig.

Solgt

Emne av greina på eit pæretre. Denne fant eg i
veddungen.
Innsett med Chestnut Microcrystalline Wax.

I sponhaugen uner dreiebenken. Dette er ein fin
lagerplass, særleg når emna ikkje er turre.

Solgt 



Solgt

Siste vogga i år. Eg vil ynskje alle som tek turen innom denne staden, ei God og Fredfull Jul og eit Godt Nytt år! Håper det blir dagar ...