onsdag 25. februar 2015

Ryggstøtte til min Yamaha Virago 125 cc, mod 1998

For eit år sidan kom min bror med ideen om å lage ryggstøtte også for føraren av motorsykkelen. Han har same sorten, så vi gjekk i gong med prosjektet. Fyrst no har eg fått ferdig min del av det, etter mange lovprisingar frå hans side over kor mykje betre det er å køyre sykkelen. Det ser og kjennest faktisk veldig bra. Ein kamerat av oss, som for øvrig har laga rørstøttene til alle tre sykklane, har også laga det på sin sykkel, så no er det 3 stk Yamaha Virago 125 som har ryggstøtte.
Eg synest at resultatet ikkje vart så verst.  Sjølvgjort er velgjort.



Etter ein køyretur på nokre mil fant eg snart ut at dette passa desverre ikkje min kropp. Det vart for kort avstand mellom setet og tanken. Eg er desverre for lang til dette. Det var ellers god støtte i ryggen. Ryggstøtta er dermed avmontert og eg ei erfaring rikare. :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Dokkevogge. Så er det ein liten pause frå dreiinga fordi eg har lova ei dame på over 90 år at ho skal få kjøpe ei dokkevogge til eit av o...