Teakdekk akter på Saga 29.

Vår båt har teakdørk i salongen og teakdekk på badeplattforma akter. I uteromet har vi tepper på glasfiberdørken. Det er ei grei løysing men blir litt vanskeleg når ein skal ned i romet akter. Difor har eg bestemt med for å legge teakdekk også der. Dekket er produsert av Sandøy Båtdekk AS.

Dekket er vaska med rikeleg mengde rødsprit (1 l pr. 8 m2)  og olja med Ovatrol sin Teakolje. Har hatt på 3 strøk vått i vått. Etter 20 min tørka eg av oveflødig olje med ei lofri fille. Når dette tørkar skal eg slipe dekket med vannslipepapir nr 350 i olje og så gi det eit siste toppstrøk før legging. Oljen har eg kjøpt hos Sverre Eidsvik AS i Ålesund. Etter nermare undersøking fant eg same oljen hos Malia i Ørsta. Dei forhandlar Ovatrol

Prosessen blir dokumentert her.



Lukene på Sagaen er låsbare. Her må det gjerast ei endring for å få låsesylinderen gjennom teakdekket. Har vore i kontakt med Sagaboats og nye låsesylinderar er bestilt. 



02.03.15  Prøvelegging av ei dekksplate på bakre luke. Passar perdekt så no er det berre å vente på at temperaturen kjem på rundt 10 grader eller meir slik at det kan limast på plass. Har fått nye og lengre låsecylinderar frå Saga.   



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen