tirsdag 8. september 2015

Montering av autopilot i min Saga 29

Då eg fyllte 70 år i sommar fekk eg autopilot i gåve frå slekt og venner. Pris ferdig montert kom på ca. kr. 22000,-  Autopiloten vart bestilt hos Sigurd Solberg i Florø slik at den låg i posten då eg og kona mi kom heim frå ferie. Hos Solberg fekk eg god hjelp til å berekne  kva slags type pilot eg måtte ha for at den skulle stemme med dataene på båten.
Under vil eg ved hjelp av tekst og bilder prøve å synleggjere at det ikkje er all verden å gjere denne jobben sjølv.
Følglande vart bestilt:
- Raymarine EVOLUTION EV 1
- Raymarine ACU-200
- RaymarineType1 Hydra pumpe.
- Div. SeaTalk ing kablar, T-stykker etc.

Vel heime var det berre å kome igang. Det fyrste eg måtte gjere var å lese meg opp på monteringsbeskrivelsem frå Raymarine. Den var både på Norsk og Engelsk. Så var det berre å sette i gong.
1. Plassering av kompass.
Her fant eg ein høveleg plass under trappa, ned til sovelugar og toalett. Denne plasseringa er rimeleg langt frå magnetiske felt.

2. Plassering av EV-200 dataunit.
Her fant eg plass på skottet under dørken, under styrestolen. Dette er eit tørt sentralt rom for denne Uniten.

3. Plassering av pumpe.
Denne fant eg plass til på riggen foran styrecylinderen. Eg måtte lage ein festebrakett som pumpa står på. Så var det berre å koble den eine komponenten til den andre. Frå pumpa til EV-200 strekte eg 4 m2 kabel, slik at straumen får løpe fritt. Mellom kompasset og EV-200 er det Sea-Talk-ing kabel påmontert T-stykker.Viktig!! I enden av Sea-Talking kabelen må det monterast ein Terminator. 

Så var det og koble røra frå pumpe til styrecylinder. Her fekk eg svært god hjelp på Saga-fabrikken på Selje. Eg tok turen innom og dei leitte fram alt eg trengte for sluttkobling.

Alt oppkobla var det berre å ta fyrste turen.
Eg har tidligare montert inn ei A127 kartplottar, så alle funksjonar frå piloten kan styrast herifrå. På den måten slapp eg å kjøpe ekstra betjeningspanel. Eg gjekk gjennom innkøyringsprosedyrene og etter kvart så fungerte piloten heilt perfekt. EV1-kompasset er 9-aksa så det handterer båten i alle situasjonar. (det lærer båten å kjenne og fungerer deretter.)

Å reise på tur vart ei ny oppleving etter å ha fått montert inn plottaren. Etter vel 300 Nm i alle slags bårer, vindretningar og straumsjø, konstanterer eg at piloten fungerer perfekt. Spesiellt i sjø akterfrå og på låringa klarer piloten å styre betre enn det eg gjer manuellt. Kjempegreier.


Oversikt over styrecylinder og hydraulisk pumpe

Rorkult med påmontert rorfølar. Her måtte eg 
omarbeide litt frå orginalen, men det vart funksjonelt
og fint.

Pumpe påskrudd eigen brakett i lakkert stål
som er festa på ror-riggen.

ACU-200 styreeining.

EV1 - 9-aksa kompass plassert på skottet under trappa
 ned til lugar.

Piloten vert styrt frå skjermen på A127 kartplottar


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Dokkevogge. Så er det ein liten pause frå dreiinga fordi eg har lova ei dame på over 90 år at ho skal få kjøpe ei dokkevogge til eit av o...