Vaffelgaffel

Dette er ei flott oppfinning. Kven som var den fyrste til å lage ein vaffelgaffel, veit eg ikkje. men for alle moderne vaffeljarn så er tregaffelen heilt nødvendig å bruke dersom ikkje teflonbelegget skal verte skada.
Eg begynte å lage slike gafflar for nokre år sidan av Einer. Bjørk er også ein tresort som eignar seg godt, men den gode lukta manglar.

Einer er ganske lett å få tak i, den er seig og sterk og luktar veldig godt. Etter kvart som folk har oppdaga denne gafflen, har eg hatt meir enn nok å gjere. Gafflane er handlaga.

Den tretinda varianten kallar eg Sildegaffel og kan brukast i sursildglas. Pris kr. 60,- pr. gaffel både for silde- og vaffelgafflen.





Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen